Aldri før hadde han fått auge på eit venare syn 
Den massive asken strakk seg godt utover hei 
Med greiner som grodde langt utenfor himmelens bryn 
Han merka brått at hans kjøtgeir hadde lagt seg på snei 
Stamtreet tillot at Valfader tilnærma seg 
Som om det visste kor alt skulle bæra på veg 
Røttene slynga seg rundt og vikla seg inn 
Harpiks og sevja rant ut av den hardaste knopp 
Ravnguden ynda at kvistar fór inni hans sinn 
Blader og bark fortærte hans kropp 
Spidda nedenfra, Brun kjente seg ekspandert 
Ein kartartisk seanse som varte ni netter lang 
Midt mellom glede og ve blei han eksaltert 
og han gispa der han hang

Han lekke som ein sil 
Dendrofil for Yggdrasil 
Ygg for lenger ned mot det svartaste djup 
I bunnen av holet såg han eit strålandes skin 
Med sine siste krefter tok han eit svalestup 
Der oppdaga han visdom i form av sigil 
Då Odin kom til hadde han komt over heile sitt kjød 
Med ny forstand sank han ned ifra askekall 
Han må ha visst godt om den sikre død 
Då han ga fra seg sin viten til Heimdall