Langt av gårde, inn i den djupaste og svartaste skog 
Lumske riter gjort i ly av nattens mulm og mørke 
Kapper overalt, agiterte rop og forførande smog 
Eit nødvendig løfte om ein snarlig slutt på tørken 
Massene blei leda an av ein dyster demagog 
Flokken forærte offergaver uten spor av tvil 
Hør mesteren forkynna Moloks monolog 
Til fortapte fedre uten barnegrav å gå til 
Eit sinn som eit kaldt maskineri 
Gullet renne som blod i eit slakteri 
Hans øyne brenn med evig raseri 
Ein bronsegud med null respekt for liv 
I prosesjon blei avkom pressa inn i oksemunn 
Kjeften fyltes opp med ein sardonisk kaklande latter 
Kremerte poder i ein mage uten bunn 
Mens disiplene sugde melk ifra idolets patter 
Eit sinn som eit kaldt maskineri 
Gullet renne som blod i eit slakteri 
Hans øyne brenn med evig raseri 
Ein bronsegud med null respekt for liv 
Satanisk status quo 
Dei svakaste må gå 
For at hans utvalgte få 
Skal få bestå