Eg for ut i strid Då dei framande kom Eg sloss for min heim og min buskap Eg kjempa dei ned Med mitt spjut og min boge Så dei heime kunne eta og sova Eg drakk og eg skråla Eg lo og eg skrøyt Av mine sigrar, mitt mot og min styrke Eg fortalde om gullet eg fann Hjå dei eg slakta ned for fote Eg vakna brått Ein kald og mørk morgon Med buskapen daud og trellane rømde All mjøden var drukken og venene reist Då la eg i veg til lovande land For atter å vende heim med aere Alle som sto i vegen for meg Skulle kjenne min styrke og vreide Ved ein flod sto ein gammal og støl mann Han vokta ein båt som eg trong Eg skulle hogge han ned Men sverdet brast og Den gamle sto der og flirte