Du ville heim fara 
Som du eingong lova 
Ingen kunne gjeva meg meir 
Du som meg sveipte i brurelin 
Men runer dei meir visste 
Enn eg ville vite 

Han ville heim fara 
Som han deg eingong lova 
Ingen kunne gjeva deg meir 
Han som deg sveipte i brurelin 
Men runer dei meir visste 
Enn ho ville vite 

Mot din vilje 
Møy mot din vilje 
Frå garde han fór 
Frå garde han fór 
Kaldvind herja 
Uvettet ylte 
Jordi ho skalv 
Frå garde han fór 
Mot min vilje 
Eg fór frå garde 
Eg ville gjeva deg meir 
Som eg deg eingong lova 
Du Sigrlinn Atles dotter 

I soli lyser perlebandet 
Du er fager men sorg du gjev meg 
Over huldreheimar vil du fara 
Såre sorgi set åt meg no 

Vilt eg fór og vitlaus var eg til 
Illkvasse augo på Frøya 
I tåka over doggvått fjell 
Eit trihovda troll meg slengde 

I skjold det skalv 
Mine brødrar drap du 

Gull og sylv du aldri hadde 
Vilt du fór og vitlaus var du 
Frøya’s augo illkvasse 
Illkvasse 

Sigrlinn eg heiter 
Eg er Atles dotter Sveinungs møy 
Du åleine i djupe daler 
Du kom aldri heim 

Eg finn ikkje ord som kan trøyste 
Eg finn ikkje glede i livet 
Som mit eige liv elska eg han 

Han ville heim fara 
Som han eingong lova 
Ingen kunne gjeva ho meir 
Han elska ho i brurelin